23 mai, 2010

Far Out Oddity.



- Alle kunstnarane har ein felles bakgrunn frå bachelorstudiet i tekstil ved Kunsthøgskolen i Bergen, men dei har stilt kvarandre fritt i forhold til tema, materiale, uttrykksform og innhald. Det har skapt ei variert utstilling der dei ulike verka både snakkar saman og utfyllar kvarandre, men på sett og vis også er i opposisjon til kvarandre.

Tittelen refererer til kunstnarlege prosessar i eit større perspektiv. Ordet ”oddity” viser til noko som er besynderleg og annleis. I denne samanhengen handlar det om å skape ei anna vinkling på kvardagen, historia og samtida, og om å legge til rette for undring og engasjement. Tatoverte kvinner, slitesterke husmødre og hjernevaska sexobjekt er berre litt av typegalleriet du møter på utstillinga. I tillegg handlar det og om ein fascinasjon for forholdet mellom kultur og natur, menneskelege band og kjensler.

Mona Høie (1987) har fokusert på 20-talets freakshows og kvinnelege tatoverte oddities.

Aoi Yoshizawa (1983) er interessert i tekstil som eit medium i menneskelege relasjonar. Kan tekstil som materiale hjelpe oss å kommunisere med kvarandre?

Kiyoshi Yamamoto Farias (1982) er fascinert av naturen. Med tekstil og lys vil han inne i utstillingsrommet skape ein installasjon som gir ei kjensle av å vere ute og i naturen.

Tora Endestad Bjørkheim (1986) utforskar madonna/hore-komplekset med utgangpunkt i kvinna som både sexobjekt og husmor.

Marit Tunestveit Dyre (1983) har jobba med positive kjensler og opplevingar, og fokusert på korleis desse fysisk påverkar kroppen. Er det mogeleg å visualisere kjensler?

Elisabeth Petch (1986) tar utgangspunkt i eigen familie og gjennom eit tekstilt assosiasjonsmateriale portretterar ho ein generasjon slitesterke kvinner.





Utstillingen åpner fredag 28. mai, kl. 17 på Norsk Trikotasjemuseum i Salhus.
Velkommen!

2 kommentarer:

Ingvild Telle sa...

Jeg rakk rett og slett ikke over i dag :( Men jeg skal i de trakter på søndag så da stikker vi kanskje innom :)

Uansett så håper jeg det gikk bra på åpningen :)

elisapetch sa...

Åpningen ble en stor suksess! :)
Masse folk og fine ord.

Håper dere liker utstillingen om dere stikker innom, det er også veldig kjekt med omvisning på trikotasjefabrikken :)